Back to All Events

This Music Will Improve Your Life & Vêrfolne

  • Haugesund billedgalleri Haugesund Norway (map)

“Information is not knowledge.

Knowledge is not wisdom.

Wisdom is not truth.

Truth is not beauty.

Beauty is not love.

Love is not music.

Music is THE BEST.”

Frank Zappa

Jon Øivind Ness: Vêrfolne

Insimul & Ingunn Hagen - Solist: Magnus Boye Hansen

James Black: This piece will improve your life

Insimul & Ingunn Hagen - Solist: James Black

Verfolne / This piece will improve your life

På Podium – Fartein Valen internasjonale musikkfest presenterer Insimul eit konsertprogram som utfordrar både utøvarar og publikum med to verk som står i skarp kontrast til kvarandre. Festivalen er kjend for sitt mangfaldige og uforutsigbare program, der publikum skal oppleve både det dei elskar, det dei ikkje forstår – og det som overraskar  .

Jon Øivind Ness sin fiolinkonsert Verfolne, skrive for Magnus Boye Hansen, er eit fysisk og intenst verk der solisten pressast mot yttergrensene av det instrumentale. Ensemblet fungerer ikkje som eit tradisjonelt bakteppe, men som ein aktiv motkraft som driv musikken framover i eit energisk og uforutsigbart landskap.

I kontrast står James Blacks This piece will improve your life, eit verk som leikar med forventningane våre til kva ein konsert skal vere. Her blir strukturar gradvis brotne ned, og utøvarane beveger seg bort frå det fastlagde og inn i eit rom for val, nærvær og refleksjon. Black deltek sjølv som instruktør og trombone-solist, noko som gir konserten ein særleg direkte og levande dimensjon.